StyreWeb Skjema360

FolkOrg

  • Logg inn

Kompensasjonsordning junior deltakarar LK LF 2026

Aktiv
Type
Søknad
Åpnet
26.08.2026
Frist
23.09.2026
Start registrering

Logo til nedlastning - FolkOrg

Lokallag kan no søkje om kompensasjon for deltakaravgfit og evt. reise- og overnattingsutgifter for juniorar som har deltke på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk i 2026. Søknadsfristen er 23. september. 

Vidareføring av kompensasjonsordninga

Styret i FolkOrg har vedteke å vidareføre stønadsordninga frå 2024 også i 2026. Stønadsordninga har som mål å senke terskelen for deltaking og bidra til auka rekruttering blant juniorar og C-klassingar på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. 

Lokallaget si rolle

Stønadsordninga skal komme lokallaga til gode i form av å senke terskelen for deltaking på kulturelle aktivitetar. Difor er det lokallaga som må søke om midlane. Det er difor lokallaga som søkjer støtte på vegen av deltakaren. Det er likevel ikkje eit krav om at påmeldinga må gå gjennom lokallaget, men midlane som FolkOrg betaler ut, må vidareformidlast til enkeltpersonen via lokallaget. 

Viktig informasjon

Lokallag kan søkje støtte for så mange juniorar dei ønskjer. Det vert berre gitt støtte til éi deltakaravgift per junior per arrangement. Same junior kan gi grunnlag for støtte både på Landskappleiken og Landsfestivalen. Dette er ei lågterskel støtteordning. Så lenge junioren faktisk deltok i tevlinga, er det ikkje behov for ytterlegare rapportering. 

Søknad

Søknaden gjeld både deltaking på Landskappleiken på Hovden og Landsfestivalen i Vågå. 

Søknadsfrist er 23. september. 

Har du spørsmål om ordninga eller søknaden? Ta kontakt med Ingeborg Ulberg Sommer i FolkOrg:

ingeborg@folkorg.no / 45258237

Vilkår for ordninga

Sjå under for vilkår for ordninga. 

Betingelser

Vilkår Landskappleiken

  • Junioren må vere medlem i FolkOrg via eit lokallag.
  • Direktemedlemmar kan ikkje søkje om kompensasjon.
  • Lokallaga i FolkOrg kan få støtte til å dekke éi deltakaravgift per deltakande junior. Lokallaget kan i tillegg få støtte til å vere med å dekke deler av reise- og overnattingsutgifter.
  • Lokallaga kan totalt få inntil 1000 kr per junior.
  • Har junior bostedsadresse i Møre og Romsdal eller Trøndelag og nordover, kan ein få dekt opp til 2000 kr per junior. 
  • Gjeld deltaking i alle klasser (også senior-klasser som lagspel senior til dømes).
  • Dersom junioren er medlem i fleire lag, kan berre eitt lag sølje om støtte.

Vilkår Landsfestivalen i gammaldansmusikk

  • Junioren må vere medlem i FolkOrg via eit lokallag.
  • Direktemedlemmar kan ikkje søkje om kompensasjon.
  • Lokallaga i FolkOrg kan få støtte til å dekke éi deltakaravgift per deltakande junior. Lokallaget kan i tillegg få støtte til å vere med å dekke deler av reise- og overnattingsutgifter.
  • Lokallaga kan totalt få inntil 1000 kr per junior.
  • Har junior bostedsadresse i Rogaland, Agder eller Nordland og nordover, kan ein få dekt opp til 2000 kr per junior.
  • Gjeld deltaking i alle klasser (også senior-klasser som lagspel senior til dømes).
  • Dersom junioren er medlem i fleire lag, kan berre eitt lag søkje støtte.

 


Setter opp...
2005-2026 StyreWeb. Alle rettigheter forbeholdt.